Gjev oss hjartefred

Ole Bull Kammerkor vitjar Ullensvang kyrkje i samband med 10-års jubileum

page view image
Event date

Saturday 13 Sep 2025 18:00

Ends Saturday 13 Sep 2025 19:00
order

If you have a promo code apply here

Available items

ticket item
Ordinær billett
ticket item
Studentbillett
ticket item
Barnebillett
event image

Event information

Tittelen «Gjev oss hjartefred» har vi henta frå den vakre folketonen Ned i vester
soli glader
frå Nordfjord. Denne tonen har fulgt oss i mange år - heilt inn i denne konserten som er ein av jubileumskonsertane i Ole Bull Kammerkors tiande år.


Eit hovudverk i kveld er italienske Gregorio Allegri sitt vakre Miserere mei,
Deus
- Gud, sjå med nåde på meg, skrive for 400 år sidan for to kor som syng skiftesvis. Verket kan lyfte kropp og sjel ut av tida, ut av 2025 og inn i musikken sitt ordlause rike.

Med oss til konsert har vi fleire musikalske perlar som er godt kjende for Ole Bull Kammerkor. Virgencita av estiske Arvo Pärt har vi nylig sunge i Arvo Pärt-senteret i Keskus i Estland under den estiske songfestivalen Laulupidu. Lux Aurumque, Gyllent lys, er eit av dei mest kjende verka til amerikaneren Eric Whitacre for kor, og vert framført over hele verda. Vi får og høyre to av Edvard Grieg sine «Fire salmer» med dyktige solister frå eigne rekker.


Heile konsertprogrammet:

Die Stimme des Kindes, Jaakko Mäntyjärvi

Et kiitke jumalat, kes on ii helde, Pärt Uusberg

Frå Fire salmer, Edvard Grieg:
Hvad est du dog skjøn
I himmelen

Lux aurumque, Eric Whitacre

Meelespea, Veljo Tormis

Miserere mei, Deus, Gregorio Allegri

Ned i vester soli glader, folketone, arr. Grete Pedersen

Peace i leave with you, Knut Nystedt

Si ignoras te, Giovanni Perluigi da Palestrina

Virgencita, Arvo Pärt


Ole Bull Kammerkor held til i Bergen og vart stifta av dirigent Jon Flydal Blichfeldt, som og er dirigent for Osterøykoret og Bergen Mannskor. Ole Bull Kammerkor syng klassisk musikk for kammerkor og samlar dyktige songarar frå Bergen og omegn. Koret får støtte frå Bergen kommunes støtte til elitekor, Bergesenstiftelsen og Grieg Foundation.

Tags

music
choir
musikk
kor
kammerkor
ole
bull
chamber
ullensvang
hardanger
Organizer
Ole Bull Kammerkor