page view image

"Eg ska’ danse ti’ fjødde dette" - Konsert kl. 19.00

Arrangementsinformasjon
event image

«Eg ska’ danse ti’ fjødde dette» er tittelen på konserten med norske folketonar som strekker seg frå det vakre og vare til fullt trøkk med tamburtromme. Konserten finn stad i Blåfjellshallen Melkevoll Bretun.

Konserten startar klokka 19.00. 


Litt om koret

Ole Bull Kammerkor er eit klassisk kammerkor. Vi er lidenskapeleg opptekne av å framføre klassisk musikk på høgt nivå. Songarane har lang erfaring fra andre kor, og det er krav om et minimum av notekunnskap for å stille til prøvesong. Repertoaret vårt er breidt inann det klassiske, frå renessanse til urframføringar. Koret mottek elitekorstøtte fra Bergen kommune.

Jon, som er vår dirigent og kunstnariske leiar, er kjent for sin gode leiarstil med godt humør og eit tilnærma uutømmeleg lager av anekdotar av ulikt slag. 

Han er også dirigent for Bergen Mannskor og Osterøykoret og tidlegare dirigent for blant andre Mannskoret Arme Riddere og Vokalensemblet Skrik. 


Foto: Magnus Skrede

ole bull kammerkor kor konsert obk norwegian korkonsert folketoner

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.
Det gis kun refusjon på kjøpte billetter ved avlyst konsert.