Eg ska’ danse ti’ fjødde dette - Deltakarbillett til Workshop og konsert

«Eg ska’ danse ti’ fjødde dette» - Deltakarbillett til workshop og påfølgande konsert med Ole Bull Kammerkor
Blåfjellshallen Melkevoll Bretun
Kl 14.00-16.00: Workshop med Ole Bull kammerkor
Kl 16.00-17.00: Open bygdekafe, Utelada på Melkevoll Bretun
Kl 17.00-18.00: Konsert i Blåfjellshallen
Kva får du som deltakar
Du får delta på ein workshop med lave skuldre og mykje moro! Opplegget passer for songarar på alle nivå, og det er ingen krav for å vere med. Det heile er under leiing av dirigenten vår Jon Flydal Blichfeldt. Han har helde mange workshops som dette, og har eit spesielt fokus på samsynging og klang. I løpet av dei to timane vi har i lag skal vi også lære ein enkel song som vi ynskjer å framføre saman i løpet av konserten etterpå. Kjensla av å vere eit stort kor som kjem til å fylle denne vakre hallen med panoramautsikt til brear og fossefall trur vi vil verte eit godt minne å ta med seg vidare. Workshopen er open for både enkeltsongarar og heile koret og vi håper at mange vil late seg friste av denne unike muligheita!
Etter workshop er det open kafé med Oldedalen Bygdekvinnelag, før det vert konsert klokka 17. «Eg ska’ danse ti’ fjødde dette» er tittelen på konserten med norske folketonar som strekker seg frå det vakre og vare til fullt trøkk med tamburtromme. Billetten inkluderer både workshop og konsert.
Litt om koret
Ole Bull Kammerkor er eit klassisk kammerkor. Vi er lidenskapeleg opptekne av å framføre klassisk musikk på høgt nivå. Songarane har lang erfaring fra andre kor, og det er krav om et minimum av notekunnskap for å stille til prøvesong. Repertoaret vårt er breidt inann det klassiske, frå renessanse til urframføringar. Koret mottek elitekorstøtte fra Bergen kommune.
Jon, som er vår dirigent og kunstnariske leiar, er kjent for sin gode leiarstil med godt humør og eit tilnærma uutømmeleg lager av anekdotar av ulikt slag. Han er også dirigent for Bergen Mannskor og Osterøykoret og tidlegare dirigent for blant andre Mannskoret Arme Riddere og Vokalensemblet Skrik.
Foto: Magnus Skrede
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes ikke.
Det gis kun refusjon på kjøpte billetter ved avlyst konsert.