Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Tittelen «Gjev oss hjartefred» har vi henta frå den vakre folketonen Ned i vester
soli glader frå Nordfjord. Denne tonen har fulgt oss i mange år - heilt inn i denne konserten som er ein av jubileumskonsertane i Ole Bull Kammerkors tiande år.
Eit hovudverk i kveld er italienske Gregorio Allegri sitt vakre Miserere mei,
Deus - Gud, sjå med nåde på meg, skrive for 400 år sidan for to kor som syng skiftesvis. Verket kan lyfte kropp og sjel ut av tida, ut av 2025 og inn i musikken sitt ordlause rike.
Med oss til konsert har vi fleire musikalske perlar som er godt kjende for Ole Bull Kammerkor. Virgencita av estiske Arvo Pärt har vi nylig sunge i Arvo Pärt-senteret i Keskus i Estland under den estiske songfestivalen Laulupidu. Lux Aurumque, Gyllent lys, er eit av dei mest kjende verka til amerikaneren Eric Whitacre for kor, og vert framført over hele verda. Vi får og høyre to av Edvard Grieg sine «Fire salmer» med dyktige solister frå eigne rekker.
Heile konsertprogrammet:
Die Stimme des Kindes, Jaakko Mäntyjärvi
Et kiitke jumalat, kes on ii helde, Pärt Uusberg
Frå Fire salmer, Edvard Grieg:
Hvad est du dog skjøn
I himmelen
Lux aurumque, Eric Whitacre
Meelespea, Veljo Tormis
Miserere mei, Deus, Gregorio Allegri
Ned i vester soli glader, folketone, arr. Grete Pedersen
Peace i leave with you, Knut Nystedt
Si ignoras te, Giovanni Perluigi da Palestrina
Virgencita, Arvo Pärt
Ole Bull Kammerkor held til i Bergen og vart stifta av dirigent Jon Flydal Blichfeldt, som og er dirigent for Osterøykoret og Bergen Mannskor. Ole Bull Kammerkor syng klassisk musikk for kammerkor og samlar dyktige songarar frå Bergen og omegn. Koret får støtte frå Bergen kommunes støtte til elitekor, Bergesenstiftelsen og Grieg Foundation.